Vilkår

Salsvilkår

1. Avtalen
Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningar oppgitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane framføre, så sant det ikkje er i strid mot lovene som ikkje kan fråvikast.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante føresegn som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.

2. Partane
Seljar er HASLA AS, Nordibøvegen 134, 4747 Valle. 

Føretaksregistrert 976 702 824

post@hasla.no, 37937380. 

Seljar vert i det fylgjande nemnt «me», «oss», «vår» eller «våre».

Kjøpar er: Personen som er oppgitt som kjøpar i bestillinga, og vert i det fylgjande nemnt «du», «deg», «din» eller «ditt».

3. Pris
Alle prisane i nettbutikken er i norske kroner og inklusive alle avgifter (meirverdiavgift, toll o.l.) Frakt er ikkje inkludert. Dei enkelte elementa i totalprisen vert spesifisert i bestillingsløysinga før bestilling er utført. Me tek atterhald om at skrivefeil eller tekniske feil i produktinformasjon, pris og bilde kan førekoma.

Bestillinger til utlandet som gjeld produkt frå Fossensylv, kan ikkje bestillast gjennom nettbutikken. Om vi sender produkt frå Fossensylv til sluttbrukar så gjeld vilkåra i nettbutikken. Til utlandet sender vi brev uten sporing med frakt på 5EURO, og pakke med sporing med frakt på 50EURO. Ekstra kostnadar som toll er ikkje inkludert i prisen, og vil variere frå land til land. 

4. Avtaleinngåing
Avtalen er bindande for begge partar når du har sendt bestillinga di til oss.
Avtalen er likevel ikkje bindande viss det har skjedd ein skrive- eller tastefeil i tilbodet frå oss i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i bestillinga di, og den andre parten innsåg eller burde ha innsett at det er ein slik feil.

5. Betaling
Me kan krevja betaling for varen frå det tidspunktet den blir sendt frå oss til deg. Alle våre transaksjonar føregår i norske kroner. Ved bruk av kredittkort eller debetkort ved betaling, kan me reservera kjøpesummen på kortet ved bestillinga. Kortet vert belasta same dag som varen vert sendt.

Du kan betale med Paypal eller Vipps.

6. Levering
Levering er skjedd når du, eller din representant, har overtatt varen.

Leveringstidspunkt skal opplysast om i bestillingsløysinga. Dersom det ikkje er gjort, skal me levera varen til deg utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter at me har mottatt bestillinga di. Varen skal leverast til kjøpar med mindre anna er særskilt avtalt mellom partane. Vi har ikkje alle varer på lager til ein kvar tid, og difor kan leveringstid variere. I nokre tilfelle kan det ta opp til 2 veker, men vi jobbar for å sende ut varene innan 4 virkedagar. Vi tar kontakt med deg om det skulle bli store avvik i leveransen. 

7. Risiko for varen
Risikoen for varen går over på deg når du, eller din representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.

8. Angrerett
Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan du angra kjøpet av varen i samsvar med angrerettlova. Du må gje oss melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen begynner å gå. I fristen er alle kalenderdagar inkludert. Dersom fristen ender på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag vert fristen forlenga til næraste virkedag.

Angrefristen er ansa som overhaldt dersom melding er sendt før utløpet av fristen. Du har bevisbyrden for at angreretten er blitt gjort gjeldande, og meldinga bør difor skje skriftleg (angreskjema, e-post eller brev).

Angrefristen begynner å gå:

• Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen gjelda frå dagen etter varen(e) er mottatt.
• Består kjøpet av fleire leveringar, vil angrefristen begynna å gå frå dagen etter siste levering er mottatt.

Ved bruk av angreretten må varen leverast tilbake til oss utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Du dekkjer dei direkte kostnadane ved å returnera varen, med mindre anna er avtalt eller me ikkje har opplyst om at kjøpar skal dekka returkostnadane. Me kan ikkje fastsetta gebyr for din bruk av angreretten.

Du kan prøva eller testa varen på ein forsvarleg måte for å fastslå varens art, eigenskapar og funksjon, utan at angreretten fell vekk. Dersom prøving eller test av varen går utover kva som er forsvarleg og nødvendig, kan du bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på varen.

Me er forplikta til å tilbakebetala kjøpesummen til deg utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå me får melding om di avgjerd om å nytta angreretten. Me har rett til å halda tilbake betalinga til me har mottatt varen frå deg, eller til du har lagt fram dokumentasjon for at varen er sendt tilbake.

Merk at angreretten omfattar ikkje produkt som er gravert eller som på andre måtar er framstilt etter kundens spesifikasjonar, jf. angrerettlova § 22. 

9. Forseinking og manglande levering – dine rettar og frist for å melda krav
Dersom me ikkje leverer varen eller leverer den for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje har si årsak i deg eller forhold på di side, kan du i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova, kapittel 5 etter tilhøva halda kjøpesummen tilbake, krevja oppfylling, heva avtalen og/eller krevja erstatning frå oss.

Ved krav om misleghald bør meldinga av bevisomsyn vera skriftleg (for eksempel e-post).

• Oppfylling
Du kan halda fast ved kjøpet og krevja oppfylling frå oss. Du kan likevel ikkje krevja oppfylling dersom det føreligg ei hindring som me ikkje kan overvinna, eller dersom oppfylling vil medføra ein så stor ulempe eller kostnad for oss at det står i vesentleg misforhold til di interesse i at me oppfyller. Skulle vanskane falla vekk innan rimeleg tid, kan du likevel krevja oppfylling.
Du tapar din rett til å krevja oppfylling om du ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.

• Heving
Dersom me ikkje leverer varen på leveringstidspunktet, skal du oppmoda oss til å levera innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom me ikkje leverer varen innan tilleggsfristen, kan du heva kjøpet. 
Du kan likevel heva kjøpet umiddelbart dersom me nektar å levera varen. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåing av avtalen, eller dersom du har underretta oss om at leveringstidspunktet er avgjerande.
Vert varen levert etter tilleggsfristen du har satt eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåing av avtalen, må krav om heving gjerast gjeldande innan rimeleg tid etter at du fekk vite om leveringa.

• Erstatning
Du kan krevja erstatning for lidt tap som følge av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom me godtgjer at forseinkinga har årsak i hindringar utanfor vår kontroll som ikkje med rimelegheit kunne blitt tatt i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgene av.

10. Mangel ved varen – dine rettar og reklamasjonsfrist
Viss det føreligg ein mangel ved varen må du innan rimeleg tid etter at den blei oppdaga eller burde ha blitt oppdaga, gje oss melding om mangelen. Du har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 månader frå mangelen blei oppdaga eller burde blitt oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at du overtok varen. Dersom varen eller deler av den er meint å vara vesentleg lenger enn to år, er reklamasjonsfristen fem år.

Dersom varen har ein mangel og dette ikkje har sin årsak i deg eller forhold frå di side, kan du samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 6 etter tilhøva halda kjøpesummen tilbake, velja mellom retting og omlevering, krevja prisavslag, krevja avtalen heva og/eller krevja erstatning frå oss.

Reklamasjon til oss bør skje skriftleg.

• Retting eller omlevering
Du kan velja mellom å krevja mangelen retta eller levering av tilsvarande vare. Me kan likevel motsetta oss dine krav dersom gjennomføringa av kravet ikkje er mogleg eller påfører oss urimelege kostnadar. Retting eller omlevering skal utførast innan rimeleg tid. Me har i utgangspunktet ikkje rett til å utføra meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

11. Seljaren sine retter ved kjøparen sitt misleghald
Dersom du ikkje betalar eller oppfyller dei andre pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje har si årsak i oss eller forhold på vår side, kan me i samsvar med reglane i forbrukarkjøpslova kapittel 9 etter tilhøva halda varen tilbake, krevja oppfylling av avtalen, krevja avtalen heva samt krevja erstatning frå deg. Me vil også etter tilhøva kunna krevja renter ved forsinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uhenta varer.

• Oppfylling
Me kan fasthalda kjøpet og krevja at du betalar kjøpesummen. Er varen ikkje levert, tapar me retten dersom me ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.

• Heving
Me kan heva avtalen dersom det føreligg vesentleg betalingsmishald eller anna vesentleg mishald frå di side. Me kan likevel ikkje heva dersom heile kjøpesummen er betalt. Dersom me set ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og du ikkje betalar innan denne fristen, kan me heva kjøpet.

• Renter ved forsinka betaling/inkassogebyr
Dersom du ikkje betalar kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan me krevja renter av kjøpesummen etter forseinkingsrentelova. Ved manglande betaling kan kravet, etter føregåande varsel, bli sendt til inkasso. Du kan då bli haldt ansvarleg for gebyr etter inkassolova.

• Gebyr ved uhenta ikkje-forskotsbetalte varer
Dersom du unnlèt å henta ubetalte varer, kan me belasta deg med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekkja våre faktiske utlegg for å levera varen til deg.

13. Personopplysningar
Me er ansvarlege for handsaming av innsamla personopplysningar. Med mindre du samtykkjer til noko anna, kan me, i tråd med personopplysningslova, berre innhenta og lagra dei personopplysningane som er nødvendig for at me skal kunna gjennomføra våre plikter etter avtalen. Dine personopplysningar vil berre bli utlevert til andre viss det er nødvendig for at me skal få gjennomført avtalen med deg, eller i lovbestemte tilfelle.

14. Konfliktløysing
Klagar rettast til oss innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøva å løysa eventuelle tvistar i minnelegheit. Dersom dette ikkje lykkast, kan du ta kontakt med Forbrukarrådet for mekling. Forbrukarrådet er tilgjengeleg på telefon 23 400 500 eller www.forbrukerradet.no.