Om oss

Frå Hasla til Fossensylv. Namnet er nytt, men sølvet er det same.

I 1982 starta Ørnulf Hasla og Grete Fossen merket Hasla, med verkstad i heimen sin på Fossen i Setesdal.
Produksjonen vaks raskt ut av kjellarstoga, og i 1984 bygde dei verkstad med butikk i Valle. Der held vi framleis til i dag. Familiebedrifta har sidan då hatt ei spennande utvkikling, og i 2016 tok døtrene Anne og Gunnhild Hasla sin plass. Med det vart ei moderne smykkelinje utvikla med namnet Hasla Jewelry. 
Grete og Ørnulf fortsatte produksjonen av bunadsølv og vakre smykker inspirert av bunadsølv og bunader, under namnet Fossensylv. 

Bunadsølv har lange og sterke tradisjonar, og med utgangspunkt i desse tradisjonane lagar vi sølvet til mange av våre bunader. Vakre smykke er også blitt til, inspirert av natur, kultur og tradisjon, samt våre frodige bunader. Den solide fagkunnskapen og kompetansen vi har tileigna oss, er vår styrke i vidare utvikling mot ei spanande framtid, i tillegg til den gode kvaliteten vi er kjende for. 

Fossensylv - vi fører tradisjonen inn i framtida.