Verkstad

På eige verkstad i Valle lagar våre sølvsmeder smykker og bunadsølv til draktar og bunader. Tradisjon er viktig for oss i Fossensylv, og lærlingar og faglærte sit saman side ved side på verkstaden. Fossensylv er tufta på lange handverkstradisjonar, og vi har laga bunadsølv i over 30 år. 

Tradisjonsylvet vert utvikla og laga på verkstaden vår i Valle i Setesdal. Handverket er viktig for oss, og vi vil fortsette å lage og vidareutvikle vår stadig større breidde på tradisjonsylv, tufta på norsk tradisjon, og i den gode kvaliteten som vi er kjent for. Dei dyktige sølv- og gullsmedane våre har lang erfaring og brei kunnskap om tradisjonssmykker og bunadsølv. 

Vi blei i 2009 kåra til Årets Handverksbedrift av NHO Handverk. 

Åpningstider for verkstad og butikk i Valle sentrum: 

Måndag - fredag: 11.00 - 16.00

Laurdag: 11.00 - 15.00

Velkomen!